Johannes Mario Ringheim | 1 Oct 2007 18:01
Picon
Favicon

Re: Kalendar for Gnome

Jakob Breivik Grimstveit wrote:
> On 10/1/07, Johannes Mario Ringheim <jri <at> broadpark.no> wrote:
> 
>> Eg har funne det nødvendig å få litt orden på livet mitt, og i den
>> anledning treng eg ein kalendar applikasjon. Den skal IKKJE vere
>> webbasert, men snarare noko som legg seg som eit tray-ikon, og som
>> poppar opp med ei melding når eit tidspunkt intreff der eg har lagt inn
>> eit gjeremål. Den bør heller ikkje vere ein del av ein epostklient
>> (evolution e.l).
> 
> Kan eg spørje kvifor det definitivt ikkje skal vere web-basert? Du kan
> få varsling som SMS (gratis)/popup/audio i Google Calendar i alle
> fall, og det har vore heilt uvurderleg for meg.

Sidan eg ikkje har åpen, eller ikkje vil ha åpen ein nettlesar heile 
tida. Prøvde også å legge ein google kalendar inn i evolution. Ser ut 
til å fungere bra, men det går visst ikkje an å synke google-kalendrar 
frå Evolution (ennå). På ei anna side kan eg berre bruke ein lokal 
kalender, evt bruke ein anna online-kalender teneste som går an å synke 
frå Evolution.

På ei anna side er det dumt å måtte bruke eit anna epost-program (eg 
bruker egentlig Thunderbird) berre for denne funksjonaliteten, men eg 
prøver det no og ser om det duger som hovud-epostprogram. Ellers er 
andre gnome-fikserte løysingar framleis interessante...

-johannes.

--

-- 
Ringheims Auto - Fri musikk for bilstereo!
http://ringheimsauto.org

_______________________________________________
BLUG mailing list
BLUG <at> blug.linux.no
https://www.blug.linux.no/cgi-bin/mailman/listinfo/blug


Gmane